Oh Snap!

Please turnoff your ad blocking mode for viewing your site content

img

Kaupanger Damer driver som en toppklubb -har utdanningstilbud i særklasse i Sogndal!

/
/
/
972 Views

Ønsker man å spille fotball i vakker natur og samtidig få en god utdannelse, så er Kaupanger et meget godt tilbud for unge spillere i Norge. Kaupanger og Sogndals regionen er av det vakreste i Norge på våren og sommeren, og dette sammen med topp fotball og tilbud på lik linje med de beste i Norge med Sogndal toppfotball i ryggen, så har Kaupanger mye å tilby unge spillere.

Det står heller ikke på hvilke unge navn de har levert til toppfotballen i Norge, eller yngre landslag, noe man ser på flere unge navn som er kommet fra dette området med utdanningstilbudet i ryggen.

Kvinnefotballmagasinet har fulgt Kaupanger siden de var i første divisjon, og ville se nærmere på hvorfor de har fått frem så mange gode spillere, og stadig greid å levere godt, for det mange vil si er utkant Norge. Men jeg vil påstå at de leverer like godt og bedre, en mange lag med større befolkningsgrunnlag og potensiale.

Jeg ba derfor leder i Kaupanger fotball skrive til meg og om klubben og deres drift, sammen med skoletilbud og hvilke spillere de har fått frem, som leverer sterkt både i toppserielag og på U-landslagene våre. Edwin Hjelmhaug skriver på nynorsk til våre lesere.

Kaupanger var nær ved å rykke opp igjen til 1.divisjon i fjor, men tapte kvalik kampene mot Hinna i fjor høst.

Her får dere også informasjon om skolen og søknadsfrister -der dette er et av få slike tilbud i Norge.

Kaupanger 13419014_843905839076688_6422383899250754588_n
Kaupangers rekrutt lag her fra fjoråret, som  sammen  med 2.divisjonslaget kommer fra en region som kan tilby mye for unge spillere(foto Kaupanger)

Dette skriver klubben til meg, når jeg ber om en oversikt om hvordan klubben driver og hva som kan tilbys unge spillere, som har fostret kjente spillere som Elise Thorsnes og Margunn Haugenes.

Kaupanger damer 2017
Målsetting for 2017:
Kjempe i toppen, og vere med i opprykkskampen.
Langsiktige mål:
Vere det beste damelaget i Sogn og Fjordane. Etablere seg i 1. divisjon.
Samarbeidspartnarar:
Sogndal Fotball på herre og damesida.
Kaupanger Herre
Sogndal vidaregåande skule.
NFF Sogn og Fjordane.
Idrettssenteret http://www.idrettssenteret.no/
Studiestaden Sogndal og damefotballsatsing på Kaupanger
Kaupanger damer er eit hardtsatsande lag i 2. divisjon. Laget vart slått på målstreken av Hinna i 2016-sesongen. Etter uttallige kampar utan tap, vert det eit knepent 2-1 tap i siste seriekamp. Foran denne sesongen beheld Kaupanger alle spelarar frå 2016-sesongen. I tillegg har troppen fått tilført 4 av dei største talenta i S og Fj. Alle henta frå de lokale klubbane SYRIL og Hafslo. Totalt sett består troppen av 28 spelarar, der dei fleste har forankring lokalt. Yngste spelar er 15 år (i mars), medan eldste spelar er 28. Laget består av ei fin blanding av unge talent, og eldre spelarar. I 2016 hadde Kaupanger 7! spelarar med på aldersbestemte tiltak.

Kaupanger 14264162_893050477495557_4355032653939846066_n
Populært å se Kaupanger på hjemmekampene, der hele 500 tilskuere var på en av kampene i år(foto Kaupanger)

Kaupanger ligg i Sogndal kommune, kun 10 min køyring frå Sogndal sentrum. Laget trenar og dreg nytte av dei fantastiske fasilitetane som Sogndal Fotball tilbyr på Fosshaugane Campus. T.d. trenar Kaupanger i Sognahallen heile vinteren. I tillegg har Kaupanger eit tett samarbeid Idrettssenteret, som legg til rette for styrketrening, skadeførebyggande trening og testing.

Sogndal vidaregåande skule tilbyr toppfotballlinje. Kaupanger sin hovudtrenar, Øystein Lindesteg har ansvaret for morgontreningane til jentene som går der. Frå væren og ut gjennom resten sesongen, trenar laget på Kaupanger. Klubben har to treningsbaner, og nye fasilitetar mtp garderobar og klubbhus. Interessa rundt laget er stor. T.d var det nær 500 tilskodarar då Kaupanger møtte Arna/Bjørnar 2 i haust. Dette var den 20 mest besøkte damekamp i Noreg i 2016.

Avaldsnes 102085
Elise Thorsnes, A-landslaget, er en av de største fra klubben, og har fortsatt stor tilknytning til Kaupanger(foto UEFA)

Kaupanger har eit stort støtteapparat. Hovudtrenar er Øystein Lindesteg, som har med seg Roger Hjellhaug som 1.lagstrenar. I tillegg har klubben tilsett Sebastian Kaldestad som spelarutviklar. Han har lags fartstid frå Sogndal Fotball. Kaupanger satsar hardt på keeperutvikling. Linn-Mari Nilsen, som spelar på J19-landslaget, er klubbens førstekeeper. I tillegg er Anne Marte Lindgjere og Aina Kvam i keeperteamet. Lindgjere har aldersbestemte landskampar, medan Kvam er med i morgendagens enere. Den yngste er Ingborg Osland, som er kretslagskeeper på S og Fj. Geir Stenehjem og Vidmar Hjellhaug har ansvaret for keeprane. Klubben har også eigen fysioterapeut.
Kaupanger har dei siste sesongane satsa hardt på spelarutvikling. Tett samarbeid og gode relasjonar med klubbane rundt Sogndal og med resten av fylket, har vore avgjerande.

Kaupanger 13686601_867634053370533_7052241889121807054_n
Ylinn Tennebø er et spennende talent som også er på U-landslaget(foto Kaupanger)

For at Kaupanger skal vidareutvikle klubb og spelarar, er ein heilt avhengig av den fantastiske jobben som vert gjort i klubbane rundt om kring i fylket. Kaupanger Utviklingsgruppe har vore eit sentralt prosjekt i denne samanhengen. Dei beste spelarane fødde i 2000, 2001 og 2002, frå indre Sogn, trente saman ein gong i veka i 2016. Dette for å skape referansar, relasjonar og kartlegging. Ein del av prosjektet var å reise på Danacup, der J 16 tok gull, medan J 19 kom til kvartfinale. Til hausten har Kaupanger så å seie samtlege spelarar frå gullaget samla i klubben. Framtida ser lys ut!
Pr. i dag har Kaupanger 3 landslagsspelarar. Ylinn Tennebø og Miriam Mjåseth på J 17, medan Linn-Mari Nilsen er på J 19. Fleire unge er på veg, som allereie har vore å presentert seg på t.d. landsdelssamlingar. Både Thea Bjelde (no Arna/Bjørnar) og Marte Bjelde Hjelmhaug (no Sandviken) spelte for Kaupanger og Noreg i 2016. Begge vart henta til kvar sin toppserieklubb i løpet av sesongen. I tillegg har Kaupanger fostra fram Åshild Haugen, Stine Hovland, Camilla Ervik og Synne Christiansen, til bli Toppseriespelarar dei siste sesongane. I tillegg kan det nemnast at Vilde Øyri (Sandviken) spelte for Kaupanger i 2015.
Kaupanger er ein klubb som gang på gang fostrar fram spelarar til toppfotballen i Noreg. Unge spelarar som går gradene i mindre klubbar i S og Fj, og vidareutviklar seg til toppfotballspelarar i Kaupanger. Andre har vore langtidsskada og kombinerar studiar på Høgskulen på Vestlandet, med å kome tilbake på idrettsbana. I Sogndal kan ein kombinere studiar på Høgskulenivå, med satsing på fotball. Målet til Kaupanger i framtida er å kunne tilby studiar og toppfotball, i eit fantastisk kompetansemiljø knytt til Fosshaugane Campus. Samarbeidet med Sogndal Fotball er allereie nært, og Kaupanger får nyte godt av kunnskapen eliteserieklubben innehar. T.d. kan det nemnast at Sogndalstrenar, Marius Bø, trente Kaupanger for nokre sesongar sidan.

kaupanger 13076658_819459138188025_2992932839347216689_n
Stort engasjement i klubben, her representert med to flotte damer(foto kaupanger)

Dersom det er spelarar i Noreg, som ynskjer kombinere studiar, samtidig med å utvikle seg som fotballspelar, er Kaupanger Damer eit godt alternativ. Vegen frå Kaupanger til Toppserien kan vere kort, og kanskje er du med å skyt Kaupanger opp i norsk toppfotball. Søknadsfrist for studieplass er 1.april.
Sjå https://www.hvl.no/ for studietilbod.

 

Jan Reidar, 23.02.17

  • Facebook
  • Twitter
  • Google+
  • Linkedin
  • Pinterest